Tekstilkunst

‹Tråd III› a,b og c, tekstiltrykk/materialtrykk, ca 36×36 cm i ramme 42×42 cm, pigmenttrykk på bomullsateng.

Sunnfjord Kunstlag inviterer ein gong i året alle medlemmane i kunstlaget til å stille ut saman. I år var utstillinga frå 24. november til 2. desember i utstillingsalen, Førdehuset.

 

Del / Share

Utstilling for kunsthandverk og biletkunst av organiserte kunstnarar med tilknyting til Sogn og Fjordane. Mønstring vert arrangert kvart tredje år ved SFKM i Førde. Utstillinga har ein lang tradisjon og har gjennom åra vore organisert på fleire vis, men målet har vore det same: Å gje dei regionale kunsthandverkarane og biletkunstnarane høve til å syne kva dei arbeider med og såleis gje eit bilete av kva som går føre seg i det regionale kunstlivet.
Det har i år vore fri innsending for alle kunstnarar som er medlem av Norske Billedkunstnere-SF og Norske Kunshåndverkere Vestnorge-SF. Alle som har sendt inn nye verk har fått med minst eitt verk i utstillinga. Kunstnarane Vilde Jensen Hjetland og Arild Bergstrøm har fungert som jury (begge sit i Kunstfagleg råd ved SFKM).

Opning ved forfattar Sivert Nesbø. Musikalske innslag ved Kåre Sandvik.

Katalog

Sjå meir

Del / Share

‹Tilstand›, detalj, 2018, tekstil-installasjon for vegg, Audgunn Naustdal Holsen

Sunnfjord Kunstlag står som arrangør for ei større gruppeutstilling av profesjonelle kunstnarar, som alle har det til felles at dei har lagt eit grunnlag for kunstnarkarriera si ved Heimyrkeskulen i Jølster / Jølster Vidaregåande skule / Mo og Jølster Vidaregåande skule. Trass i ulike nemningar på skulen, har alle hatt skulegangen sin i skulebygningane på Vassenden i Jølster.

Kunstnarar
Britt Smelvær, Magni Jensen, Audgunn Naustdal Holsen, Aud Sissel Hestenes, Astrid Løvaas, Nils Olav Bøe, Dag Hogne Haugstad, Anne-Lise Stenseth, Hilde Aagaard, Arne Bakke, Lillian Samdal, Anne Angelshaug, Jorunn Mulen, Sol Hallset, Eli Raa Nilsen, Terje Meidel Skare, Bjørn-Sigurd Tufta, Frøydis Årseth, Tone Wolff Kalstad, Gro Haveland, Vilde Kleppe Braanaas, Kari Hjertholm, Otto Tveit og Siv Asbjørnsen.

Utstillingsperiode
10. – 25. mars 2018

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Del / Share

Tekstilbilete 2017, 8,5×8,5 cm montert på 12×12 cm kort, linstoff, tekstiltrykk, broderi, bomullsgarn

I den fine kunstbutikken ved Sogn og Fjordane Kunstmuseen har eg levert nye tekstilkort. Korta i 2017 er røde. Nokre igjen frå i fjor som er blå. Kunstbutikken er vel verd å besøke. Stort utval i kunsthandverk og biletkunst av lokale kunstnarar. Eg sel også andre ting i butikken.

Del / Share

‹Fabric› 1 og 2, 2016, 21×11 cm, stoffrest,saum, montert i ramme

‹Mose› 2014, 15×21 cm og ‹Strå› 2012, 18×20 cm, blyantteikning

Sunnfjord Kunstlag si årlege medlemsutstilling i Utstillingssalen, Førdehuset frå torsdag 30. november til 10. desember 2017.
Dette er den eine gongen i året alle medlemene i kunstlaget vert inviterte til å stille ut saman, og får syne fram arbeida sine for eit publikum. Her møtast både amatørar og dei profesjonelle kunstnarane i kunstlaget.
Utstillinga er open kvardagar kl. 18.00 – 20.00, laurdagar kl. 14.00 – 16.00, sundagar kl. 16.00 – 20.00.

Del / Share

‹Kunst utan rom› (KUR), dokumentasjonshefte

Eit 5-årige kunstprosjekt er avslutta med eit dokumentasjonshefte… Frå 2011 – 2016 har KUR gjennomført 15 kortvarige hendingar i Førde og omegn.
Heftet inneheld biletmateriale og skildring frå alle prosjekta og ein tekst av Grete Huus.
Brosjyra er forma og produsert av Rein Design, Førde.
Heftet vert delt ut gratis og kan plukkast frå skranken i Sogn og Fjordane Kunstmuseum og biblioteket i Førdehuset.
Kunstnarar som har vore med er Astrid Wittersø, Merete Hol Tefre, Inghild Sleire, Karen Helga Maurstig og Audgunn Naustdal Holsen

Del / Share

‹Rosa variosa› 2017, ca 40x40x70 cm, detalj og ‹Mine striper› 1993, 197×180 cm

Det store mjuke øyeblikk på Finnskogen 10. mars – 12. mars 2017.
Norske Tekstilkunstnere (NTK) feirar 40 årsjubileum gjennom heile 2017 med fleire utstillingar og arrangement rundt om i landet. Årets Finnskogutstilling på Røgden Bruk vil vise mangfaldet innan norsk tekstilkunst. Alle medlemmane i NTK blei invitert til å sende inn bilete av både nyare og eldre arbeid. Responsen var stor, og juryen valte ut 59 kunstverk av i alt 52 kunstnarar i et tidsspenn frå 1983 til 2017.
Eg deltek med to tekstilar; eit frå 2017 (Rosa Variosa) og eit frå 1993 (Mine striper).

Initiativtakar er Marianne Tjønn, og med seg i arbeidsgruppa har ho Solveig Aalberg og Anne Knutsen. Utstillingen har fått økonomisk støtte av Norske Tekstilkunstnere som eit av årets SOFT moments.
Arrangør: Finnskogutstillingen
Finnskogutstillingen finner sted frå 10-12 mars, og er årets kulturelle utstillingshending i distriktet. Rundt 800 lokale publikummarar besøker de ulike utstillingane på Svullrya i løpet av helgen.

Deltakande kunstnarar:
Ane Vik Eines, Anna- Liisa Silenti, Anne Ingeborg Biringvad, Anne Kari Amstein, Anne Knutsen, Anne Stabell, Anniken Amundsen, Aud Bækkelund, Audgunn Nausdal Holsen, Bente Knudsen Sanden, Berit Overgaard, Borgny Svalastog, Brita Been, Brynhild Slaatto, Danuta Haremska, Dorte Herup, Eline Medbøe, Ellen Grieg, Ellen Lenvik, Gabriella Gôransson, Gitte Magnus, Hanne Frey Husø, Ida Helland Hansen, Inga Blix, Inger Johanne Rasmussen, Ingrunn Myrland, Ingrid Aarset, Ingunn Bakke, Ingunn Skogholt, Ingunn Vestby, Jorunn Steffensen, Karen Kviltu Lidal, Kari Dyrdal, Kari Steihaug, Kristin Lindberg, Kristin Sæterdal, Kristine Fornes, Marianne Magnus, Marianne Mannsåker, Marianne Tjønn, Marit Guldbrandsen, Nina Risåsen, Ragnhild Monsen, Randi Liliequist, Runa Boger, Siri Berqvam, Solveig Aalberg, Tone Hellerud, Tone Saastad, Tove Pedersen, Trine Mauritz, Turid Steinsland.

www.finnskogutstillingen.no

 

Del / Share

2016maljestykke1

Dette rekonstruerte mønsteret er konstruert utifrå to smale striper (maljeklut/maljestykke) funne på ein opplut frå Jølster. Dette stoffet vert i dag brukt til maljestykke på eksakt den rekonstruerte folkedrakta. Når ein har berre eit utsnitt av et større stoff er det eit lite puslespel før ein finn ut korleis stoffet har vore. Dette arbeidet gjorde eg for nokre år sidan (1997-98) og i samband med at eg no har trykt opp nytt ‹opplag› ville eg dokumentere arbeidet og legge det til i dokumentasjon av oppdrag. Stoffet er trykt på bomullslerret. Ein har lite informasjon om originalen, som er i Sunnfjord Museum si samling. Takk til  Bunadsnemda ved Sunnfjord Ungdomslag; Aud Sunde, Ann Lundekvam og Bodil Myklebust.
Sjå meir…

Del / Share

untitled-1

For 20 år sidan rekonstruerte eg dette stoffet etter ein gamal ermeopplut frå Kjelsnes i Jølster. Når ein skal rekonstruere eit mønster frå eit plagg er det ikkje sikkert at ein finn heile flatemønsteret på stoffet som er brukt i plagg. Og kanskje finn ein ikkje mønsterrapporten heller. Slik var det med dette trykte stoffet. Då må ein tenkje seg til eller konstruere mellomromma… I dag har eg trykt opp nye stoff som skal brukast til ermeopplutar til ei rekonstruert folkedraktdrakt. Slike svarte trykk på ullstoff er funne mange stadar i landet også med eksakt dette mønsteret. Stadar ein har funne dette stoffet brukt er Søgnesand og Kjelsnes i Jølster (Sunnfjord Museum), Hardanger (Agatunet), Stalheim Hotell og Valdres Folkemuseum. To andre mønster (svarttrykk på ull) er funne i Jølster (Sunnfjord Museum). Mønster eg har rekonstruert er funne på ermeopplut, maljeklut/maljestykke og erme på barneopplut. Andre mønster er også brukt på barneluer. På desse opplutane er det brukt gylte sølvborer/sølvborer (band). Desse banda er omtalt i kjelder frå siste halvdel av 1700-talet. Dei gamle trykka er trykt med treblokker (blokktrykk). I mangel av god nok trykksverte til ull er desse trykt med silketrykk og moderne pigmentfargar. Takk til  Bunadsnemda ved Sunnfjord Ungdomslag; Aud Sunde, Ann Lundekvam og Bodil Myklebust.
Sjå meir…

Del / Share