Nymontering av ‹Mine striper› og tilhøyrande prøvetrykk (i omdanna form), 1993 -2024

Første mars vart den andre punktpresentasjonen montert i ein monter i handelshuset Alti Førde som del av prosjektet ‹Alt mitt› 2024. Å presentere arbeida mine i eit handelshus er ein måte å blande kulturar på. Også i biletmaterialet der reflekser frå omgjevnadane inngår og forklarar situasjonen. ‹Mine striper› var første gang vist på separatutstillinga mi […]

Kunstnarstipend frå Vestland Fylkeskommune 2023

Eg er tildelt kunstnarstipend for 2023 frå Vestland fylkeskommune. Eg takkar politikarar, byråkratar og kunstnarorganisasjonar for at det er oppretta ei stipendordning for visuell kunst som kunstnarar kan søkje på.  Kunstnarstipend skal gje skapande og utøvande kunstnarar høve til å utvikle sine kunstnarlege utrykk eller eksperimentere med nye uttrykk gjennom til dømes ein periode med […]

Medlemsutstillinga 2023, Sunnfjord Kunstlag

‹Alle blyantane mine 1› og ‹Alle blyantane mine 2› har vore med på medlemsutstillinga til Sunnfjord Kunstlag og som har vore arrangert i Førdehuset, Sunnfjord kommune frå 18. novenber til 3. desember 2023. Dette er dei to fyrste teiningane med blyantane mine som eg kunne finne i huset mitt. Sjå meir

Mitt aller fyrste utleige av kunst!

Mitt aller fyrste utleige av kunst! ‹Broderi/Embroidery› er no til utleige gjennom nettsida LEIGA.NO; ei nettside der ein kan kjøpe og leige kuratert kunst online. Sjå meir leiga.no VISP

Lanseringsutstilling for Leiga 12. mai 2023, CM7, Bergen

Lanseringsutstilling

I samband med lansering av nettsida Leiga.no arrangerte VISP ei utstilling der fleire av LEIGA sine kunstnarane deltok. LEIGA er ei nettside der ein kan kjøpe og leige kuratert kunst online.  Leiga.no er eit prøveprosjekt og er støtta av Kulturdirektoratet, Vestland fylkeskommune og Bergen kommune.    Mine arbeid som var med på utstillinga var  ‹Under treet› […]

‹Tekstilkloss› i kunstbutikken ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM)

‹Tekstilkloss›, varierande storleik innafor ca 10x10x4 cm, ullbroderi, korssting på stramei, montert på trekloss.

I arbeid med eit verk kjem ideen om korleis eg kan bruke restane i neste, enten som inspirasjon, eller konkret opprydding. Dette er ei av mine mange sider ved arbeidsprosessane. Eg vekslar mellom tekstilkunst, -design og -handverk, og gjev alle lik status. Eg likar å analysere situasjonar og tenkje gjennom forhold mellom teknikk, materiale og situasjon. I utsmykkingsamanheng har eg arbeidd med tekstile element for vegg som har ein lydabsorberande effekt.

Medlemsutstillinga 2021, Sunnfjord Kunstlag

Medlemsutstillingane i Sunnfjord Kunstlag er ei årleg utstilling for medlemmer i kunstlaget. Det er fri innsending med avgrensingar i antal verk i ulike katagoriar. Utstillinga er vanlegvis i utstillingssalen, Førdehuset, Sunnfjord kommune.

MØNSTRING 2021, SOGN OG FJORDANE KUNSTMUSEUM

MØNSTRING er ei medlemsutstilling for dei to kunstnarorganisasjonane i Sogn og Fjordane: Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane (BKSF) og Norske Kunsthandverkarar Vest-Norge, avdeling Sogn og Fjordane (NKVN). Til saman har 35 kunstnarar meldt seg på utstillinga i 2021. Av det innsende materialet har kurator sett saman utstillinga som viser eit tidsbilete på kunstscena i regionen […]

Medlemsutstillinga 2020, Sunnfjord Kunstlag

‹ Småvekst› 2020, 25x15 cm, tresnitt/teikning

Medlemsutstillingane i Sunnfjord Kunstlag er ei årleg utstilling for medlemmer i kunstlaget. Det er fri innsending med avgrensingar i antal verk i ulike katagoriar. Utstillinga er vanlegvis i utstillingssalen, Førdehuset, Sunnfjord kommune.

Korona-utsatt tekstilfestival i LEIDEN‚ Nederland

På denne tid skulle tekstilen min, ‹Kvit tilstand›/‹From the beginning to the end›, stillast ut på ‹TEXTIELFESTIVAL 2020 X LEIDEN› i Nederland. Festivalen er utsatt til 2021 pga korona-pandemien og vil bli gjennomført i 2021 med dei same kunstverka og kunstprosjekta. Alle arbeida som skulle stillast ut er alt på plass i Leiden, og må […]

Medlemsutstillinga 2019, Sunnfjord Kunstlag

Sunnfjord Kunstlag arrangerer kvart år ei medlemsutstilling for medlemmar i Sunnfjord Kunstlag som siste utstilling i utstillingsåret. Utstillinga er open for både profesjonelle og amatørar. I 2019, vart utstillinga arrangert i Førdehuset frå 28. novemger til 8. desember. Eg deltok dette året med 4 arbeid; 2 broderi ‹Rød skog› 2 og 4 og 2 ‹Tekstiltrykk› […]

«Smalltalk» er innkjøpt av «Innkjøpsfondet for Norsk Kunsthandverk» til KODE, Bergen

På utstillinga «Eit berekraftig utopolis ?» i Galleri Salhus, Norsk Trikotasjefabrikk dukka Fondet for Norsk Kunsthandverk opp og gjorde innkjøp av verket «Smalltalk». Dette er eit lite tekstilarbeid som har eit samanlappa botnstoff som det er brodert og applikert vidare på. Tittelen passar godt til måten det er laga på og motivet mitt for å […]

Medlemsutstilling 2018, Sunnfjord Kunstlag

‹Tråd III› a,b og c, tekstiltrykk/materialtrykk, ca 36×36 cm i ramme 42×42 cm, pigmenttrykk på bomullsateng.

Sunnfjord Kunstlag inviterer ein gong i året alle medlemmane i kunstlaget til å stille ut saman. I år var utstillinga frå 24. november til 2. desember i utstillingsalen, Førdehuset.

MØNSTRING 2018, Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Raudt gjerde

Utstilling for kunsthandverk og biletkunst av organiserte kunstnarar med tilknyting til Sogn og Fjordane. Mønstring vert arrangert kvart tredje år ved SFKM i Førde. Utstillinga har ein lang tradisjon og har gjennom åra vore organisert på fleire vis, men målet har vore det same: Å gje dei regionale kunsthandverkarane og biletkunstnarane høve til å syne […]

Heimyrkeskulen og Kunsten

Sunnfjord Kunstlag står som arrangør for ei større gruppeutstilling av profesjonelle kunstnarar, som alle har det til felles at dei har lagt eit grunnlag for kunstnarkarriera si ved Heimyrkeskulen i Jølster / Jølster Vidaregåande skule / Mo og Jølster Vidaregåande skule. Trass i ulike nemningar på skulen, har alle hatt skulegangen sin i skulebygningane på […]

KUNSTBUTIKKEN ved SFKM, FØRDE

Tekstilbilete 2017, 8,5x8,5 cm montert på 12x12 cm kort, linstoff, tekstiltrykk, broderi, bomullsgarn

I den fine kunstbutikken ved Sogn og Fjordane Kunstmuseen har eg levert nye tekstilkort. Korta i 2017 er røde. Nokre igjen frå i fjor som er blå. Kunstbutikken er vel verd å besøke. Stort utval i kunsthandverk og biletkunst av lokale kunstnarar. Eg sel også andre ting i butikken.

Medlemsutstilling 2017, Sunnfjord Kunstlag

‹Mose› 2014, 15×21 cm og ‹Strå› 2012, 18×20 cm, blyantteikning Sunnfjord Kunstlag si årlege medlemsutstilling i Utstillingssalen, Førdehuset frå torsdag 30. november til 10. desember 2017. Dette er den eine gongen i året alle medlemene i kunstlaget vert inviterte til å stille ut saman, og får syne fram arbeida sine for eit publikum. Her møtast […]

Dokumentasjon av 5-årsprosjektet ‹Kunst utan Rom› (KUR)

‹Kunst utan rom› (KUR), dokumentasjonshefte

Eit 5-årige kunstprosjekt er avslutta med eit dokumentasjonshefte… Frå 2011 – 2016 har KUR gjennomført 15 kortvarige hendingar i Førde og omegn. Heftet inneheld biletmateriale og skildring frå alle prosjekta og ein tekst av Grete Huus. Brosjyra er forma og produsert av Rein Design, Førde. Heftet vert delt ut gratis og kan plukkast frå skranken […]

Det store mjuke øyeblikk på Finnskogen 2017

Foto av ‹Rosa variosa› 2017, ca 40x40x70 cm, detalj og ‹Mine striper› 1993, 197×180 cm

Det store mjuke øyeblikk på Finnskogen 10. mars – 12. mars 2017. Norske Tekstilkunstnere (NTK) feirar 40 årsjubileum gjennom heile 2017 med fleire utstillingar og arrangement rundt om i landet. Årets Finnskogutstilling på Røgden Bruk vil vise mangfaldet innan norsk tekstilkunst. Alle medlemmane i NTK blei invitert til å sende inn bilete av både nyare […]

REKONSTRUKSJON AV MALJEKLUT

Maljestykke

Dette rekonstruerte mønsteret er konstruert utifrå to smale striper (maljeklut/maljestykke) funne på ein opplut frå Jølster. Dette stoffet vert i dag brukt til maljestykke på eksakt den rekonstruerte folkedrakta. Når ein har berre eit utsnitt av et større stoff er det eit lite puslespel før ein finn ut korleis stoffet har vore. Dette arbeidet gjorde […]

Rekonstruksjon av stoff til ermeopplut

Ermeoppklut

For 20 år sidan rekonstruerte eg dette stoffet etter ein gamal ermeopplut frå Kjelsnes i Jølster. Når ein skal rekonstruere eit mønster frå eit plagg er det ikkje sikkert at ein finn heile flatemønsteret på stoffet som er brukt i plagg. Og kanskje finn ein ikkje mønsterrapporten heller. Slik var det med dette trykte stoffet. […]

Kunstnarstipend 2016 frå Sogn og Fjordane Fylke

Den 23 mai fekk eg brev om at eg er tildelt kunstnarstipend frå Sogn og Fjordane Fylke. Stipendet er på kr 30 000 og er tiltenkt, i fylje søknaden min, studiereiser, kurs og anna oppdatering.

Face to Face, Bratislava

18. mai -12. juni 2016 Den 18. og årlege internasjonale minitekstilutstillinga ‹FACE TO FACE› i Bratislava Temaet har inspirert profesjonelle kunstnarar og studentar til å skape verk som innhaldsmessig handlar om situasjonar og konfrontasjonar mellom menneske og korleis dette påverkar heile samfunn, Europa og verden. Frå Norge deltek Bente Knudsen Sanden, Dorte Herup og Audgunn […]

‹40 år – 40 kunstnarar›, jubileumsutstilling Sunnfjord Kunstlag

Pixelbroderi

17. – 25. oktober 2015 i Førdehuset Sunnfjord Kunstlag har invitert 40 kunstnarar med tilknyting til Sogn og Fjordane for å feire 40 år som eige kunstlag. Mitt bidrag til utstillinga er 5 stk broderte veggobjekt i format ca 16×23 cm: ‹Rød skog1-4› og ‹Grå horisont›. Meir om prosjektet

MØNSTRING 2015 – Kunst Sogn og Fjordane

26. sept 2015 – 17. jan 2016 «MØNSTRING 2015 – Kunst Sogn og Fjordane» er ei medlemsutstilling for Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane (BKSF) og dei medlemane av Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge (NKVN) som er busett i fylket. Eg deltek på utstillinga med tekstilen ‹OPPSPILT› 2014/2015. Verket består av ein lang ‹tråd› av rouleau-lisse som er oppspilt […]

Memory of textile, 2015, Praha

1. – 24. juli 2015 The 17th International Minitextile exhibition in Bratislava; ‹Memory of Textile›. Tekstilen ‹Into my mothers head› skal stillast ut på denne utstillinga. Utstillinga vert arrangert av Slovakiske Tekstilkunstnere TXT Jury: Prof. Marga Persson – Textile artist, Austria Linda Brassington – Textile artist, researcher, UK Prof. Miroslav Brooš – Academy of Arts in Banska Bystrica, […]

7th International Biennal of Mini Textile Art ‹SCYTHIA›

16. -27. juni 2015 Utstilling i Kherson, Ukraina, 16. – 27. juni 2015. Dette er ei internasjonal juryert utstilling av minitekstil (max 30x30x30 cm). 60 kunstnarar frå Belgium, Brazil, China, France, Germany, Great Britain, Ireland, Italy, Japan, Latvia, Lithuania, The Netherlands, Norway, Poland, Romania, Switzerland, Turkey, Ukraine, Uruguay, USA deltek på utstillinga. Juryen valde ‹Small Talk› (2014) og ‹The […]

MEMORY OF TEXTILE, 2015, Bratislava

‹Into my mothers head›, 2012

3. – 21. juni og 1. – 24. juli 2015 The 17th International Mini-Textile Exhibition in Bratislava; ‹Memory of Textile› Tekstilen ‹Into my mothers head› skal stillast ut på denne utstillinga ‹Memory of Textile›. Utstillinga opnar i Gallery Umelka, Bratislava, 3. juni og varer til 21. juni. Deretter vandrar utstillinga vidare til Gallery Diamant i Praha, Tsjekkia […]

KUR 14; Julemarknad

KUR (Kunst utan rom) arrangerer eigen julemarknad frå fredag 5. til sundag 7. desember i Sentrum sør, Førde.

KUR (Kunst utan rom) arrangerer eigen julemarknad frå fredag 5. til sundag 7. desember i Sentrum sør, Førde.

Juleutstilling, Sunnfjord Kunstlag

‹Vekst›

Også i år deltok eg på juleutstillinga til Sunnfjord Kunstlag, med gallerirom i Førdehuset. Eg deltok med to arbeid; ei teikning ‹Vekst 1› og ein tekstil ‹Small talk 1›. Utstillinga varde frå 22. – 27. november 2014.

KUR 12; STING

KUR 12; ‹Sting›, vindaugeinstallasjon, strips og fiskenot

Samarbeidsprosjekt i Kunstnargruppa KUR (Kunst utan rom), 1. juli – 1. september 2014, Sentrum Sør, Førde

KUR 11; March 8 installasjon

KUR 11; 8. march installasjon, the completed installation …

KUR 11; March 8 installation in Forde downtown, Norway, at the International Women’s Day.Collaborative project of the artist group KUR (Art without space), 8. mars – 31. mai 2014.

Ny nettside, 2014

Eit års tenking og planlegging og 2 månadar med intensivt (100%) arbeid med å legge inn tekst og foto er no over. Det gjenstår enno arbeid med å justere og å lese korrektur. Tida vil vise kva form tekstane bør ha og kva som er relevant informasjon å gje om mitt kunstnarskap. Det som er […]

Haustutstillinga i Flora Kunstlag, Kystmuseet

‹Thread knotting›, 2013, varios sizes.

Fredag 8. november 2013 opnar Flora Kunstlag si haustutstilling. Eg stiller  ut «Tekstilformer», korstingbroderia «Tråd» og «Trådknytingar». Dei  andre kunstnarane som stiller ut er Merethe Hol Tefre, Vidar Koksvik,  Kari Håkonsen og Aase Skrivervik. Utstillinga varer til og med sundag 1. desember.

Vevringutstillinga 2013

På Vevringutstillinga 2013 deltek eg med tekstilen «Resten». Dette  er absolutt siste resten etter andre tekstilarbeid som er limt saman.  Som om det har rota seg saman som støv eller anna rusk i ein krok… Her  har restane samla seg om ein lang tråd som på utstillinga skal hengast  frå taket og ned til golvet. […]

The 8th International Biennial of Textile Miniatures, 2013

The 8th International Biennial of Textile Miniatures «Thoughts – that is…» Utstilling i Vilnius, Latvia frå 9. til 27. juli 2013. Det er eit tekstilarbeid med tittel «Into my mothers head» som vart juryert inn på utstillinga. Tekstilutstillinga vil vandre vidare til Telsiai, VDA utstillingshall, Vilnius Art Academy, 10. oktober til 10. november  2013.