E

KUR 15; KUR ser på Førde

KUR-samarbeidet vårt vart ein gong starta ved at gruppa leita etter eit fellesrom i Førde sentrum. Samarbeidet vart avslutta med at vi såg på Førde... Vi fotograferte, snakka og utveksla tankar om Førde og dei ”uvesentlege” mellomromma. Foto frå denne seansen vart ei tankemessig avslutning på KUR som kunstprosjekt.

20. Januar 2015
E

KUR 14; Juleutstilling 2014

Her rydda vi lagerrommet vårt og arrangerte juleutstilling av eigne verk. Sal av tekstil, grafikk, måleri og diverse småprodukt.

7. Desember 2014
E

KUR 13; Vindauge 3 ‹STING›

Denne gongen spente vi opp eit fiskenett som dekka heile vindauget. I fiskenettet vevde vi inn lett tilgjengeleg materiale som t.d. ”strips”, plastrestar o.a.

3. Juli 2014
E

KUR 12; Vindauge 2 ‹Kleshengarar på villspor›

I den andre vindaugeutstillinga brukte vi kleshengarar frå ein nedlagt butikk i området og laga ein komposisjon med desse i vindauget. Oppslag i avisa Firda.

31. Mai 2014
E

KUR 11; Vindauge 1 ‹8. mars 2014›

Tradisjonen tru markerte vi også dette året kvinnedagen med eit kunstprosjekt. KUR har vore opptatt av ledige butikklokale og tomme butikkindauge i Førde sentrum. Vi starta no med ein serie vindaugeutstillingar. For å illustrere den stereotype kvinneframstillinga i samfunnet stilte vi ut litt defekte utstillingsdokker 8. - 16. mars 2014.

8. Mars 2014
E

KUR 10; ‹VASKE-mast› under Vevringutstillinga 2013

Eit temporert monument for kvinnene sin innsats gjennom tidene og i høve stemmerettsjubileet 2013.

20. September 2013
E

KUR 9; Elevprosjekt Vevring skule 2013

KUR hadde i framkant av Vevringutstillinga 2013 eit kunstprosjekt saman med elevane ved Vevring skule.

15. September 2013
E

KUR 8; Art-Zine hefte ‹HoHi›

KUR har som mål å prøve ut ulike media og har her teke i bruk art-zine som kunstsjanger.

10. September 2013
E

KUR 7; Annonseprosjekt i Firda Avis

Annonseprosjekt i samarbeid med lokalavisa Firda. I samband med stemmerettsjubileumet 2013. I ei lita veke kring jubileumsdato 10. juni i år trykte avisa annonser som KUR hadde funne fram i ulike trykksaker ca kring 1913.

11. Juni 2013
E
Before mounting.

KUR 6; Kvinnebanner og postkort på vandring

Markering kvinnestemmerettsjubileet 2013.

8. Mars 2013
E
Before mounting.

KUR 5; Kvinnebanner 8. mars 2013

Vi arbeidde med tekstar som kunne knytast til stemmerettskampen og kvinner sin situasjon kring 1913. Tekstane blei presentert på 3 store banner plassert på større bygg i Førde sentrum og vart avduka på kvinnedagen.

8. Mars 2013
E
From the workshop.

KUR 4; Juleutstilling og workshop 2012

Kunstbutikk og workshop. Dette er andre året vi arrangerer sit slikt arrangement; som ei hending i førjulstida i Førde sentrum.

8. Desember 2012
E
KUR 3; Førde Folk Music Festival blue , 2012, ca 100 x 100 x 400 cm, used stuff and waste.

KUR 3; Førdefestivalen 2012, ‹Mix-master›

Markering av 4 ulike festivalarena i Førde sentrum under Førdefestivalen 2012. ‹MIXmast›; ein miks av ting; sameksistens...

8. Juli 2012
E
Installation of text on buildings in downtown Førde

KUR 2; Kvinnedagen, 2012

Kombinert workshop i grafikk og installasjonsstunt av grafiske tekstar i Førde sentrum.

8. Mars 2012
E
Workshop; shaping of wax candles

KUR 1; Juleutstilling og workshop 2011

Det fyrste arrangementet vi arrangerte var ein ‹popup› kunstbutikk med ‹workshop›.

1. November 2011