‹Tekstilkort› som førjulsprodukt 2016.
Dette er ei gruppe ‹tekstilformer› produsert i 2013 og mine arbeid som eg lager i ‹mellomtidene› - ullremser, tråd og nål - og ein fredleg plass.
Ved å studere og prøve ut ein prøvelapp frå boka ‹Teknologisk forlags store håndarbeidsbok› har eg komme fram til ei enkel strikka form som kan brukast som bordpynt/bordskånar.
‹Vinterkveld›, 2012, løpar og pute, silketrykk på linstoff.
Dette er ei gruppe med ‹Tekstilformer› laga i 2012. Dette er arbeid eg lagar i ‹mellomtida› mi... Når eg treng å tenkje. Ulltråd, nål og ullremser - og ein roleg plass.
På ei utstilling i 2005 laga eg ein vegginstallasjon med tittel «Akvarelløvingar». No er akvarellane relansert som sjølvstendige verk og vert vist på utvalde utstillingar.
‹DIY›-pakke frå separatutstilling i Kunstsenteret Førdehuset, 2005. Del av prosjektet ‹Handarbeid›.
Utgangspunkt er eit ullteppe og og dei assosiasjonane det gjev. Restar frå eit anna arbeid er her sydd saman til figurar. -til trøst...
Ein liten kommentar til samtida og verdiar i dag; fingertrim og tankespinn.
Prosjekt ‹Trekropp med klede›. Her som lampe med motiv.
"Løpar", 1993, ca 60×14 cm, silketrykk på ubleika linlerret.