20160915_0698red166

Flatemønster ferdig trykt. Svart trykk på grønt ullstoff. Til bunadsliv…

20160927_0722red181

Det trykte stoffet, rekonstruksjonsskisse og band/stoff som skal høyre til bunaden.

untitled-1

Skisse og ferdig trykte stofflengder.

For nokre år sidan rekonstruerte eg dette stoffet etter ein gamal ermeopplut frå Kjelsnes i Jølster. Når ein skal rekonstruere eit mønster frå eit plagg er det ikkje sikkert at ein finn heile flatemønsteret på stoffet som er brukt i plagg. Og kanskje finn ein ikkje mønsterrapporten heller. Slik var det med dette trykte stoffet. Då må ein tenkje seg til eller konstruere mellomromma… I dag har eg trykt opp nye stoff som skal brukast til ermeopplutar til ei rekonstruert folkedraktdrakt. Slike svarte trykk på ullstoff er funne mange stadar i landet også med eksakt dette mønsteret. Stadar ein har funne dette stoffet brukt er Søgnesand og Kjelsnes i Jølster (Sunnfjord Museum), Hardanger (Agatunet), Stalheim Hotell og Valdres Folkemuseum. To andre mønster (svarttrykk på ull) er funne i Jølster (Sunnfjord Museum). Mønster eg har rekonstruert er funne brukt på ermeopplut, maljeklut/maljestykke og erme på barneopplut. Andre mønster er også brukt på barneluer. På desse opplutane er det brukt gylte sølvborer/sølvborer (band). Desse banda er omtalt i kjelder frå siste halvdel av 1700-talet.

bunadsliv

Frå utstillinga ‹Kle skapar folk›, Sunnfjord Museum, 2014.

 

 

Del / Share

This post is also available in: English