Tekstilkunst

Innlegg frå kategorien ‘Ymse’

‹Kvit tilstand›/‹From the beginning to the end›, 2019, 45x42x10 cm, tekstiltråd, trepinnar, strikketeknikk

Detalj av ‹Kvit tilstand›/‹From the beginning to the end›, 2019, 45x42x10 cm, tekstiltråd, trepinnar, strikketeknikk

På denne tid skulle tekstilen min, ‹Kvit tilstand›/‹From the beginning to the end›, stillast ut på ‹TEXTIELFESTIVAL 2020 X LEIDEN› i Nederland. Festivalen er utsatt til 2021 pga korona-pandemien og vil bli gjennomført i 2021 med dei same kunstverka og kunstprosjekta. Alle arbeida som skulle stillast ut er alt på plass i Leiden, og må lagrast der til neste år. Tema for festivalen/utstillinga er ‹Points of the compass›.
Det er ‹Foundation for Textile Information and Documentation Center› (STIDOC) som arrangerer festivalen på 6. året på rad. Tekstilfestivalen vil finne stad i eit unikt historiske sentrum av Leiden. ‹Pieterskerk vil være festivalens ‹hjarte› med meir enn 3500 m2 utstillingsareal.

Sunnfjord Kunstlag arrangerer kvart år ei medlemsutstilling for medlemmar i Sunnfjord Kunstlag som siste utstilling i utstillingsåret. Utstillinga er open for både profesjonelle og amatørar. I 2019, vart utstillinga arrangert i Førdehuset frå 28. novemger til 8. desember. Eg deltok dette året med 4 arbeid; 2 broderi ‹Rød skog› 2 og 4 og 2 ‹Tekstiltrykk› 1 og 2.

‹Rødskog›, detalj, strameibroderi,korssting,ulltråd

‹Tekstiltrykk› 1 og 2, monotrykk på lin, tekstiltrykkfarge, 2019

 

‹Small Talk›, 2014, 20×30 cm, embroidery, patchwork
seam, cotton canvas…

‹Small Talk›, 2014, 20×30 cm, embroidery, patchwork seam, cotton canvas…, detail

‹Small Talk›, 2014, 20×30 cm, embroidery, patchwork seam, cotton canvas…, detail

På utstillinga ” Eit berekraftig utopolis ?” i Galleri Salhus, Norsk Trikotasjefabrikk dukka Fondet for Norsk Kunsthandverk opp og gjorde innkjøp av verket “Smalltalk”. Dette er eit lite tekstilarbeid som har eit samanlappa botnstoff som det er brodert og applikert vidare på. Tittelen passar godt til måten det er laga på og motivet mitt for å lage det.

‹Tråd III› a,b og c, tekstiltrykk/materialtrykk, ca 36×36 cm i ramme 42×42 cm, pigmenttrykk på bomullsateng.

Sunnfjord Kunstlag inviterer ein gong i året alle medlemmane i kunstlaget til å stille ut saman. I år var utstillinga frå 24. november til 2. desember i utstillingsalen, Førdehuset.

 

Utstilling for kunsthandverk og biletkunst av organiserte kunstnarar med tilknyting til Sogn og Fjordane. Mønstring vert arrangert kvart tredje år ved SFKM i Førde. Utstillinga har ein lang tradisjon og har gjennom åra vore organisert på fleire vis, men målet har vore det same: Å gje dei regionale kunsthandverkarane og biletkunstnarane høve til å syne kva dei arbeider med og såleis gje eit bilete av kva som går føre seg i det regionale kunstlivet.
Det har i år vore fri innsending for alle kunstnarar som er medlem av Norske Billedkunstnere-SF og Norske Kunshåndverkere Vestnorge-SF. Alle som har sendt inn nye verk har fått med minst eitt verk i utstillinga. Kunstnarane Vilde Jensen Hjetland og Arild Bergstrøm har fungert som jury (begge sit i Kunstfagleg råd ved SFKM).

Opning ved forfattar Sivert Nesbø. Musikalske innslag ved Kåre Sandvik.

Katalog

Sjå meir

‹Tilstand›, detalj, 2018, tekstil-installasjon for vegg, Audgunn Naustdal Holsen

Sunnfjord Kunstlag står som arrangør for ei større gruppeutstilling av profesjonelle kunstnarar, som alle har det til felles at dei har lagt eit grunnlag for kunstnarkarriera si ved Heimyrkeskulen i Jølster / Jølster Vidaregåande skule / Mo og Jølster Vidaregåande skule. Trass i ulike nemningar på skulen, har alle hatt skulegangen sin i skulebygningane på Vassenden i Jølster.

Kunstnarar
Britt Smelvær, Magni Jensen, Audgunn Naustdal Holsen, Aud Sissel Hestenes, Astrid Løvaas, Nils Olav Bøe, Dag Hogne Haugstad, Anne-Lise Stenseth, Hilde Aagaard, Arne Bakke, Lillian Samdal, Anne Angelshaug, Jorunn Mulen, Sol Hallset, Eli Raa Nilsen, Terje Meidel Skare, Bjørn-Sigurd Tufta, Frøydis Årseth, Tone Wolff Kalstad, Gro Haveland, Vilde Kleppe Braanaas, Kari Hjertholm, Otto Tveit og Siv Asbjørnsen.

Utstillingsperiode
10. – 25. mars 2018

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Tekstilbilete 2017, 8,5×8,5 cm montert på 12×12 cm kort, linstoff, tekstiltrykk, broderi, bomullsgarn

I den fine kunstbutikken ved Sogn og Fjordane Kunstmuseen har eg levert nye tekstilkort. Korta i 2017 er røde. Nokre igjen frå i fjor som er blå. Kunstbutikken er vel verd å besøke. Stort utval i kunsthandverk og biletkunst av lokale kunstnarar. Eg sel også andre ting i butikken.

‹Fabric› 1 og 2, 2016, 21×11 cm, stoffrest,saum, montert i ramme

‹Mose› 2014, 15×21 cm og ‹Strå› 2012, 18×20 cm, blyantteikning

Sunnfjord Kunstlag si årlege medlemsutstilling i Utstillingssalen, Førdehuset frå torsdag 30. november til 10. desember 2017.
Dette er den eine gongen i året alle medlemene i kunstlaget vert inviterte til å stille ut saman, og får syne fram arbeida sine for eit publikum. Her møtast både amatørar og dei profesjonelle kunstnarane i kunstlaget.
Utstillinga er open kvardagar kl. 18.00 – 20.00, laurdagar kl. 14.00 – 16.00, sundagar kl. 16.00 – 20.00.

‹Kunst utan rom› (KUR), dokumentasjonshefte

Eit 5-årige kunstprosjekt er avslutta med eit dokumentasjonshefte… Frå 2011 – 2016 har KUR gjennomført 15 kortvarige hendingar i Førde og omegn.
Heftet inneheld biletmateriale og skildring frå alle prosjekta og ein tekst av Grete Huus.
Brosjyra er forma og produsert av Rein Design, Førde.
Heftet vert delt ut gratis og kan plukkast frå skranken i Sogn og Fjordane Kunstmuseum og biblioteket i Førdehuset.
Kunstnarar som har vore med er Astrid Wittersø, Merete Hol Tefre, Inghild Sleire, Karen Helga Maurstig og Audgunn Naustdal Holsen