Nymontering av ‹Mine striper› og tilhøyrande prøvetrykk (i omdanna form), 1993 -2024

2024_altmitt_altiførde_IMG_6479 kopi

Første mars vart den andre punktpresentasjonen montert i ein monter i handelshuset Alti Førde som del av prosjektet ‹Alt mitt2024. Å presentere arbeida mine i eit handelshus er ein måte å blande kulturar på. Også i biletmaterialet der reflekser frå omgjevnadane inngår og forklarar situasjonen. ‹Mine striper› var første gang vist på separatutstillinga mi i Kunstnerforbundet i 1993.

‹ALT MITT› er eit kunstprosjekt med tilbakeskodande blikk på utvalde verk eg har skapt som tekstilkunstnar frå ca 1990 og fram til i dag. Dei vil dukke opp som fysiske punktpresentasjonar i ulike miljø og på ulike stadar i Førde i løpet av 2024 og/eller som digitale presentasjonar via heimesida mi. Fysiske monteringar i Førde vil stå 14 dagar til 1 månad. 

Takk for praktisk og fagleg hjelp:
Grete Huus, utd.kunstkurator v/KHiB (no KMD).

Takk også til Atle!

Sjå meir

Nymontering av ‹Tre kjolar og ei gardin› frå 2005

DSC_6380 kopi

Nymontering av ‹Tre kjolar og ei gardin› frе 2005 ved bruktbutikken ‹Poden og Boden› som er i det nye Elvekanten-bygget i Førde sentrum. Dette inngår i prosjektet ‹ALT MITT›.

Sjå meir

Kunstnarstipend frå Vestland Fylkeskommune 2023

2023_destruksjon_tvinning_omdanning_IMG

Eg er tildelt kunstnarstipend for 2023 frå Vestland fylkeskommune. Eg takkar politikarar, byråkratar og kunstnarorganisasjonar for at det er oppretta ei stipendordning for visuell kunst som kunstnarar kan søkje på.  Kunstnarstipend skal gje skapande og utøvande kunstnarar høve til å utvikle sine kunstnarlege utrykk eller eksperimentere med nye uttrykk gjennom til dømes ein periode med fordjuping og/eller fagleg påfyll. Stipenda skal gje merksemd til dei utvald kunstnarskapa. Det var 72 søkjarar innan visuell kunst og 10 som fekk tildeling.

Vestland fylke

Medlemsutstillinga 2023, Sunnfjord Kunstlag

‹Alle blyantane mine›, 2023, blyantteikning...
‹Alle blyantane mine›, 2023, blyantteikning...

‹Alle blyantane mine 1› og ‹Alle blyantane mine 2› har vore med på medlemsutstillinga til Sunnfjord Kunstlag og som har vore arrangert i Førdehuset, Sunnfjord kommune frå 18. novenber til 3. desember 2023. Dette er dei to fyrste teiningane med blyantane mine som eg kunne finne i huset mitt.

Sjå meir

Mitt aller fyrste utleige av kunst!

På plass hos ein kunde...
På plass hos ein kunde...

Mitt aller fyrste utleige av kunst! ‹Broderi/Embroidery› er no til utleige gjennom nettsida LEIGA.NO; ei nettside der ein kan kjøpe og leige kuratert kunst online.

Sjå meir

leiga.no

VISP

Hent fleire

Audgunn Naustdal Holsen

I arbeid med eit verk kjem ideen om korleis eg kan bruke restane i neste, enten som inspirasjon, eller konkret opprydding. Dette er ei av mine mange sider ved arbeidsprosessane.
Eg vekslar mellom tekstilkunst, -design og -handverk, og gjev alle lik status. Eg likar å analysere situasjonar og tenkje gjennom forhold mellom teknikk, materiale og situasjon.
I utsmykkingsamanheng har eg arbeidd med tekstile element for vegg som har ein lydabsorberande effekt.

I arbeid med eit verk kjem ideen om korleis eg kan bruke restane i neste, enten som inspirasjon, eller konkret opprydding. Dette er ei av mine mange sider ved arbeidsprosessane.
Eg vekslar mellom tekstilkunst, -design og -handverk, og gjev alle lik status. Eg likar å analysere situasjonar og tenkje gjennom forhold mellom teknikk, materiale og situasjon.
I utsmykkingsamanheng har eg arbeidd med tekstile element for vegg som har ein lydabsorberande effekt.