2014_nettside

Eit års tenking og planlegging og 2 månadar med intensivt (100%) arbeid med å legge inn tekst og foto er no over. Det gjenstår enno arbeid med å justere og å lese korrektur. Tida vil vise kva form tekstane bør ha og kva som er relevant informasjon å gje om mitt kunstnarskap. Det som er sikkert er at det er lurt å bruke fagfolk til å utarbeide design og legge tilrette det tekniske med ei nettside. Eg har brukt GROM design, same firma som har laga den gamle nettsida mi. Mi oppgåve er å gje nettsida innhald. I tillegg har GROM gjeve opplæring i å drifte sida. Nesten som eit personleg kurs i WordPress.

GROM design

Del / Share

This post is also available in: English